FK Sykkylven stranda på Ikornnes

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Okt 2019

arkivfoto
FK Sykkylven måtte ha eitt
poeng mot Skodje IL for å vere sikra opprykk til 4.divisjon i 2020. Skodje som
alt var klare for nedrykk og lågaste divisjon i 2020. Skodje med sju tap på ti
bortekampar før møtet med FKS. FKS utan tap på heimebane (6-4-0). Vårkampen på
Skodje vann FK Sykkylven 5-1.

Ved halvtid stod det 0-0.
FKS var framleis i 4. divisjon sjølv om Hovdebygda leia 2-0 over Stranda. Men
berre på målskilnad.

Det fatale i kampen skjer
etter 60 minutt. Siste halvtimen vart innhaldsrik. Måla kom slik i fylgje
Sunnmøre Fotballkrins:

60 min: 0-1, Magnus Lundbø

72 min: 0-2, Adrian
Korsedal

73 min: 1-2, Abdi Shukri Harun Isak

82 min: 1-3, Adrian Korsedal

85 min: 2-3 Bendik Hole Alnes

93 min: 2-4, Adrian Korsedal

96 min: 3-4, Bengt Hole Alnes (str).

Dermed vart det Langevåg
og Hovdebygda (3-1 over Stranda) som rykte opp.

For alle oss som ikkje såg
kampen på Ikornnes, er det ei gåte at dette var mogleg.

PS. Ei ørlita trøyst får
det vere at Bengt Hole Alnes vart toppscorar i 5.divisjon Sunnmøre denne
sesongen – vi gratulerer Bengt med knappe 30 ballar i «garnet»!