Sloknar FK Sykkylven på oppløpssida…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Okt 2019
Tre lag kjempar om to
opprykksplassar i 5.divisjon Sunnmøre. Med to kampar att, toppar Hovdebygda med
43 poeng, føre FK Sykkylven og Langevåg, begge 42 poeng.
Av topptrioen er det laget
frå Sykkylven som har vist svakast form siste tida, med tap for Volda 2 og
berre eitt poeng mot Herd 2.
Lagnadskampen for FK
Sykkylven trur vi vert spela i morgon, borte mot Aksla. Aksla har så langt i
sesongen 30 poeng, er på trygg grunn, og kan spele med lave skuldrar. Aksla IL
sin heimestatistikk er 5-2-3, ganske lik FKS sin bortestatistikk som er 6-2-2.
Med siger over Aksla i morgon burde opprykket vere i boks for Bengt Hole Alnes
&Co.
Dette fordi laget som i
siste serierunde skal gjeste Ikornnes Idrettspark, Skodje IL, normalt skal vere
som eit «lauv i eit vindkast» i møtet med FKS. Skodjebygdarane har 2-1-7 og
10-22 i målskilnad på bortebane. Reint for lett burde vere, samanlikna med FKS
sin heimestatistikk på 6-4-0 og 38-13 i målskilnad.
Men kampane skal spelast,
og
det kan fort gjort ende
med at berre to sigrar er godt nok for FK Sykkylven. Vert det ein ny sesong på
nest lågaste nivå i 2020, vil det i så fall vere tredje gong på 18 år for FKS.
Til samanlikning hadde VRF tre sesongar på 50 år på dette nivået.
PS. Hoppar vi 45 år tilbake
i tid -
til 1974 - stod opprykkskampen i
4.divisjon Sunnmøre mellom Aksla, Rollon og VRF. Aksla slo VRF 1-0 på Nørebana
i nest siste serierunde, og stakk av med opprykket etter å ha banka Rollon med
like knapp margin i siste kamp. Kjende spelarar på Aksla den gongen var mellom
andre Per Rich Hunstad og Svein Slinning. I 1974 runga klubben sitt kamprop i
Ålesund: «Akslagutt hei, akslagut hei, akslagutt hei, hei, hei»!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024