Stor deltaking i Rosa sløyfe-løpet i Ålesund
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Okt 2019
Sundag 13.oktober vert det arrangert Rosa sløyfe-løp i Ålesund. Ein kan anten springe kort løype utan tidtaking, eller lang løype med tidtaking. Begge har start 12.00. Fredag kveld hadde 450 meldt seg på, og det vert heilt sikkert fleire.
Målet med løpet er å auke merksemda kring brystkreft-saka, og inntektene går til Rosa sløyfe-aksjonen.
Deltakinga av lokale utøvarar er gledeleg stor. Team Velledalen Naturbarnehage stiller «kvinne-sterke» med styraren i spissen. Flott gjort! Løpet har solid kvinnefleirtal, men vi fann VIL-gutane Sivert og Andreas Mosby Nakken på lista, saman med kjende løparnamn som Martin Hauge-Nilsen og Kristian Nedregård. Elles nemner vi kjende namn som Anita Holmberg, Anne Barbro Nygård, Eldrid Myhre, May Evy Nesheim, Jorunn Kvalsund Jarnes og mange, mange fleire.
Her blir det liv!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024