Henning og Anders spring minneløp
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Okt 2019

Ivar Formo var på nasjonalt plan ein hard konkurrent til Oddvar Brå. Dei vart av og til omtala som «Knoll og Tott» i langrenns-landslaget. Mest kjend er nok Ivar Formo for OL-gullet sitt på femmila i 1976. For ikkje så altfor mange år sidan omkom Formo i ei tragisk ulukke på heimlege trakter, der han gjekk gjennom isen på eit vatn og omkom. Etter dette fekk han sitt eige minneløp, eit løp som i 2019 vert arrangert laurdag 12. oktober. Her vert Velledalen IL representert med Nærbutikk-Henning, i tillegg til Anders Wigdahl. Løypa dei skal gjennom er kring 17 kilometer, og resultat frå løpet kjem på VIL-Nett.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024