Ni personar gjennomførte 3000 meter-test på Ikornnes

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Sep 2019

Opphaldsvêr, nesten
vindstille og 10 plussgrader var ramma då Velledalen IL arrangerte 3000
meter-test på Ikornnes Idrettspark sundag 29.september.

Oppvarminga starta om lag
klokka 10.00 og då starten gjekk var frammøtet
   såleis:

Deltakarar: 9

Funksjonarar: 3

Fotograf: 1

Tilskodarar: 1

Eldstemann til start var
Alf Jørgen Tyssing, far til Njål, som imponerte tungt under Oslo-maraton sist
helg. Alf Jørgen heldt ei km-fart på kring 6.15, og gjennomførte med stil. Føre
han i «løypa» låg einaste kvinne, Ildri Bøe. Ho skal komande veke ha 3000 meter
–test ved Sykkylven vidaregåande skule, og nytta seg av VIL-testen som
gjennomkøyring. Ho hadde med faren som fartshaldar. Vidare deltok to menn i sin
beste alder, Jørn Strømmegjerde og Henning Tandstad, som kom inn om lag midt i
feltet. Fridtjof Fredriksen fekk fjerde beste tid med 11.54. Gnallhardt av ein
53-åring!

Topp -3:

Per- Inge Bjørnestad tok
teten frå start. Han leia frå start til mål og kryssa mållina på 10.25. Bak han
køyrde Frode Mauren og Vegard Tandstad eit parløp. Begge avslutta sterkt på
sisterunden. Vegard kom inn på 10.56, mot Frode sine 10.58

Konklusjon:

Testløpet må omtalast som
vellukka. Alle leverte løp opp mot det beste ein kunne vente, minus Alf Petter,
som denne gongen ofra seg for rolla som «hare». Eit lite minus for manglande
servering. Menn i alderen 45-49 sit på største løpskrafta (Per Inge og Frode
sorterer nemleg inn her).

PS. Johan Strøm frå IL Ringen sprang som 19-åring 3000 meter på
10.00.1. 70 år etter han gjorde det, kan vi slå fast at 19-åringar i år 2019 i
Sykkylven, har blitt forma i ei heilt anna støypeskei enn det Johan vart.
Såleis spring dei sjeldan eller aldri.