Les Njål sin rapport frå Oslo-maraton

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Sep 2019

Å hylle seg
sjølv er ei øving sunnmøringar har vanskeleg for. Berre spør John Arne Riise.
Men eg må likevel vere so ærleg å seie eg er veldig nøgd med
sluttresultatet på Oslo Maraton.

Sluttresultatet
blei 2.44.34, og er ei personleg forbetring med seks minutt frå 2018.
Grunnen til at det gjekk so mykje betre enn forventa skuldast:

1)

 17 veker med
betalt trening, forkledd som pappaperm.

2)

Drahjelp frå søskenbarn
Jon Fiva gjennom nesten heile løpet.

3)

Lite sjølvinnsikt (som
menn flest).

Målsettinga
før løpet var 2.48. Planen var difor å springe på jamn 4 min per kilometer-fart
saman med nevnte Jon Fiva. Dette gjekk litt delvis skeis, jf manglande
sjølvinnsikt. Farta låg i snitt på 3.54 etter første halvmaraton. Eg tenkte
då at dette kunne gå veldig bra og veldig, veldig dårleg.

Heldigvis
gjekk 2. halvmaraton utan dei heilt store skandalane. Eg såg både Gunnar Halle
(gammal back på Drillos) og Lars Mjøen (kjent for sketsj om kinarestaurant i
Sykkylven frå Brødrene Dahl) langs løypa. Eg har ikkje klart å få klarheit i om
dei tilfeldigvis passerte løypa eller var tilstade for å heie på underteikna.

Siste
stigning opp til St. Hanshaugen var forferdeleg slitsom og føltes som å springe
opp til Aurenakken. I nokolunde normal fysisk tilstand er bakken meir lik
"bakken "frå kyrkja til Berlihuset.

Vel i mål var
det deilig å feire med is, smash, potetgull, sjokomelk, vanleg sjokolade, brus
og pizza. Vel vitande om at det er minst eitt år til neste gong eg skal i gong
med noko slikt igjen.
 Både løpsopplegg og etegilde.

Mvh

Njål