Om å gjere ting ein ikkje tør... eller ikkje kan....

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Sep 2019

Eg er sikkert
berre ein av mange som føler meg tryggast når alt er «normalt». Det kan vere
rett så skremmande å våge seg utanfor eiga komfortsone!
   

   

  Å stille seg på
startstreken til «Ti for Grete», eitt av løpa under Oslo Maraton, er absolutt
inga sjølvsagt greie, eg som ikkje likar å springe og som definitivt ikkje likar
å konkurrere!
   

  Men, eg vart
altså
  , som
    julegåve,
påmeldt
    til dette løpet, saman med resten av familien
(som sjølvsagt elskar å både springe og konkurrere), og tenkte at eg får sjå
det som ei utfordring og gjere eit seriøst forsøk på å trene meg opp såpass at
eg klarer å kome meg gjennom 10 km på ein eller annan måte. 10 km er jo
eigentleg ein overkomeleg distanse, det! Mellom anna skulle utallige timar på
spinningsykkel og gruppetimar med styrketrening på Stamina gjere underverk
med
    forma.
    

   

  Men, plutseleg
og heilt ut av intet kom altså sjukdom, med påfølgjande operasjon og
behandling. Det
  s
   ende
meg direkte tilbake til start! Eller som Svein brukar å seie: "Som
    når ein i Ludo nærma sej mål og plutsele verte
innatslei n med
    alle knappanje".
   

   

  Våren
    og sommaren vart ikkje heilt slik vi hadde tenkt oppi
Gylsgarden. Sykkelskoene vart
    lagde
vekk
    på ubestemt tid, medan joggeskoene var
tilgjengeleg dei dagane forma var bra nok til ein liten «fjøletur». Men trening
kan det vel neppe kallast.
    

   

  Det var då eg
meinte at her må eg melde pass, og eg hadde ikkje noko å
    gjere på startstreken den 21. september. Eg
fekk vere tilskodar i staden for deltakar. Men det var også då ein fornuftig
fysioterapeut på Pusterommet (aktivitet og trening for kreftramma) på
sjukehuset spurde meg om tida i løpet var viktig for meg. Nei, startnummer på
brystet er i grunnen ikkje noko for meg, så tid er ikkje det viktigaste. Ho
spurde om det kunne vere viktig for meg å gjennomføre? Jau, eg måtte vel
innrømme at det ville vore ein seier å gjennomføre. Det var
  n
   o trass alt blitt
eitt av dei to måla mine for dette året!
    

   

  Eg stod på
startstreken, med minimalt med trening i føtene, eg opplevde livet rundt løypa,
og eg kom meg til mål i «Ti for Grete» som ein vinnar! Ikkje fordi eg kan vise
fram ei god tid, men fordi eg rett og slett gjennomførde!
   

   

  Ikkje alle
treng å prestere på høgaste nivå, ikkje alle kjem til å finne namnet sitt øvst
på resultatlista. Velledalen IL har plass til sånne som meg også, vi amatørar
som ikkje er fød
  de med
    konkurranseinstinkt. Om du er litt sånn som meg, så ta
sjansen på å realisere ein draum, ta eitt steg
   
ut av di eiga komfortsone, og du kjem ut på andre sida med endå meire sjølvt
   illit. Måla dinel
    kan vere
av eit helt annan slag enn mine, men poenget er at ein må våge noko for å vinne
noko.
    

   

  I Ålesund skal
det for første gong arrangerast Rosa Sløyfe løpet (søndag 13. oktober). Ein
heil gjeng frå Velledalen Naturbarnehage er allereie klare! Det hadde vore
kjekt om fleire vil bli med å gå/
  springe
og
    samstundes gi støtte til ei god sak. Og det er
faktisk ikkje berre for damer!
    

   

  Kvar onsdag
kveld held Bjørg fart i ein gjeng, med drivande god sirkeltrening i Grendahuset
i dalen. Salen er stor nok for mange fleire! Så kjekt og sosialt,
  og så
    hardt og herleg,
og ikkje minst så godt å kome heim til sofaen etterpå. Hiv deg med!
    

   

   

  Med helsing ei
«litt ovanpå» Anita.
   

   

  PS.
    Mål nr. 2 er framleis ikkje «i boks», men
det er enno litt igjen av 2019, så kanskje....
   

   

  Får seie som
han Mons-Konrad:

   

  Gi
   
upp – då he du tapt!