Stor VIL-tropp til KM langdistanse på Emblem
Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Sep 2019

Emblem IL er altså
arrangør for KM langdistanse for Møre og Romsdal O-krins. Frå Møre og Romsdal
fylke har fire klubbar meldt på løparar. Her er tala:
34 utøvarar frå Emblem IL
23 utøvarar frå Velledalen
IL
5 frå MOI (Molde)
1 frå Halsa IL
Med andre ord sterk
sunnmørs-dominans. Men heldigvis deltek også nokre gjesteløparar, slik at det
er 70 påmelde totalt fredag ettermiddag:
4 frå Førde IL
1 frå Fana IL (Bergen)
1 frå Tyrving (Oslo)
1 frå Freidig (Trondheim).
Brenn fleire etter å delta
må dei ta kontakt med Pernille i o-gruppa. Velledalen IL betaler
startkontingenten for alle born som er medlemar i laget. Vidare vert det meldt
om samla reise for laget, med ferje frå Sykkylven 11.30.
Velledalen IL ynskjer
store og små lukke til i jakta på postane.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024