Velledalen IL arrangerar 3000 meters-test
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Sep 2019
Velledalen IL inviterar til 3000 meter-test med tidtaking på Ikornnes Idrettspark sundag 29. september kl 09:00.
I tida før arrangementet vil det arrangerast tre felles intervalltreningar på bane for å ladde opp til testen. Det er frivillig kva ein vil vere med på, ope for alle, og kostar sjølvsagt ingenting.
Kvifor 3000 meter?
3000 meter er det lengste mellomdistansen innan friidrett. Det er ikkje ein olympisk øvelse og er sjeldan å sjå i sportsarrangement. Likevel er det ein disiplin som mange legg prestisje i. Samtidig er det ei øving som er overkommelig for dei aller fleste, og er ein fin målestokk for kor i terrenget forma ligg. Vi ønskjer å gjenta arrangementet i framtida, slik folk har noko å trene mot!
Program (Alle øvingar gjeng føre seg på Ikornnes Idrettspark):
Tysdag 10. september kl. 20:15: Intervalltrening.
Fredag 20. september kl. 20:15: Intervalltrening.
Torsdag 26. september kl. 20:15: Intervalltrening.
Sundag 29. september kl. 09:00: 3000 meter-test.
Velledalen IL sin friidrettsleiar, Alf Petter Bøe, og kasserar, Henning Tandstad, vil ta seg av gjennomføringa av treningane og testen.
Vi ønskjer velkomen til ei kjekk og sosial trening saman med andre :-)
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024