Flott innsats av VIL sine løparar under Haustsprinten.
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Sep 2019
I alt 68 påmelde utøvarar
til årets Haustsprint som vart arrangert 1.september. Klart flest deltakarar
frå Emblem IL og Velledalen IL. Heile 28 utøvarar representerte vårt lag. Eit
tal vi er stolte av.
Imponerande deltaking i
klasse H 10 med 15 startande, åtte av dei frå vårt lag Berre klasse H 17- stiva
dette med 16 startande. Her stod kampen om sigeren mellom Jan Ole Fuglem og
Sven Nylund, men Alastair Brunton var best av dei nest beste med sterk 3.plass.
Ingeborg Skogen vann den mest prestisjetunge distansen mellom kvinnene
I klasse D 13-16C skilde det berre fire
sekund mellom VIL-løparane Oleanne Øye Hole og Lovise Bøe, og i klasse N-open
krusa Inger Haldis Kurseth Tandstad inn til siger.
O-helga med samling
laurdag (to treningar), overnatting på Fjellsæter Ungdomssenter og løp sundag om
omtalast som ein stor suksess for o-gruppa. Tilbakemeldingane frå personar med
tyngde i miljøet var eintydig gode. Vi gratulerer Pernille og alle hjelparane hennar
med innsatsen – dette er slikt som set Velledalen IL på kartet.
Fleire resultat her
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024