Fire Bengt-mål knekte Hasundgot
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Aug 2019
FK Sykkylven vann borte-oppgjeret mot Hasudgot heile 5-2 torsdag. Og
det var velledalingen Bengt Hole Alnes som var den store spelaren med heile
fire nettkjenningar. Elias Slettebak Urke gjorde det femte.
Begge målscorarane søner av tidlegare VRF-kjemper
(Leiv Alnes og Hallgeir Urke).
FKS har no eit føresprang
på seks poeng til Langevåg og Hovdebygda. Og nettopp Robin Urke Brunstad sitt
kjære Hovdebygda, er neste motstandar på Dalemyra. Den kampen går torsdag 5.
september. I Ørsta kommune har ikkje laga gjort som i
Sykkylven vedkomande samanslåing. Samanlikna med Sykkylven kommune er talet på
spelarar som spelar 11-ar fotball skyhøgt. Gjennom Ørsta IL (4. div),
Hovdebygda (5.div), Åmdal IL (6.div), Sæbø IL (6 div) og Vartdal IL (6 div) er
heile kommune representerte i kampen om seriepoenga.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024