Jonny klassevinnar i opningsrennet av Vikabakken
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Aug 2019
Laurdag 24. august vart
det nye hoppanlegget i Spjelkavik offisielt opna. Dagen før hadde utøvarar frå
landslaget, med nordfjordingen Anders Fannemel i spissen, trening med dei
lokale hopparane.
Knappe 30 hopparar var med
i rennet laurdag. Velledalen IL var representert med Jonny Mauren i klasse G 11
år. Han hoppa 17 meter i begge omgangar med stilpoeng mellom 12-14 i begge
omgangar. Jonny vart klassevinnar , men var likevel ikkje heilt nøgd, då han
har strekt seg til 20 meter under trening. Men 17 meter er ny personleg rekord
under renn, for den relativt ferske hopparen.
På fotoet som fylgjer saka
ser vi Jonny saman med Anders Fannemel og morfaren Ove Rørvik. Fannemel er for
tida skadd, men har hoppa kring 250 meter – ei utruleg lengde.
Vi nemner også at
superveteranen Jan Ringseth enno hoppar. Mannen som no er om lag midt i 70-åra,
flaug 21 og 22,5 meter under opningsrennet i plastbakken i Spjelkavik.
Velledalen IL ynskjer
Jonny og Jan lukke til vidare i sesongen 2019/2020!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024