Vellukka o-trening ved Svartevatnet

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Aug 2019

Torsdag kveld arrangerte orienteringsgruppa i Velledalen IL
o-trening i området ved Svartevatnet. Totalt 28 løparar møtte, fint fordelt med
like mange av kvart kjønn, og like mange i kort som i long løype.


Det er veldig kjekt at heile fire klubbar var representerte.
Løypa var nok ein del vanskelegare enn dei som har vore trena i tidlegare i år,
slik at alle hadde noko å bryne seg på i det flotte orienteringsterrenget.
Ingen diskvalifikasjonar vitnar om at deltakarane er godt rusta før kretsløpet
som arrangerast neste helg.

Stødige funksjonærar og medhjelparar gjennomførte eit
vellukka arrangement, med oppslått telt som tok av den eine skikkelege
regnbyga, effektiv påmeldingsteneste og kafésalg med frisk brusdrikke og
smakfull kake.

Deltakarar kort løype:

Velledalen IL: Tobias Ibsen Lervåg, Frida Orre, Tuva Hovet
Tandstad, Alfred Masdal, Tyra Tronstad, Alma Tronstad, Eira Tronstad, Henrik
Hatlemark, Ola Leichty Drotninghaug, Iben Olin Lervåg, Tirill Hatlemark og Sara
Orre.

Markane IL: Olina Svarstad Heggdal og Kornelia Trøsken.

Deltakarar long løype:

Damer:

Vigdis Sætren, Markane IL, 36:49

Anne Marie Svarstad, Markane IL, 40:11

Åshild Sætren Bøe, Markane IL, 48:34

Ingeløv
Tronstad, Velledalen IL, 57:34

Menn:

Isak Bergset,
IL Veten, 22:34

Lars Roger
Lundanes, Emblem IL, 28:41

Elias
Bergset, IL Veten, 29:22

Bernt Are
Lervåg, Velledalen IL, 36:49

Geir Helge
Grebstad, Velledalen IL, 37:53

Per Magne
Drotninghaug, Velledalen IL, 41:39

Per Øen,
Markane IL, 43:24

Lars Even
Hatlemark, Velledalen IL, 45:35

Henning
Tandstad, Velledalen IL, 47:56

Atle
Tronstad, Velledalen IL, 57:16

Funksjonærar:

Pernille
Ibsen Lervåg, Ann-Helen Hole, Liv Nordli Hole og spreke foreldre.