Orientering: Midt-Norsk Meisterskap komande helg
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Aug 2019
Arrangør er Stjørdals-Blink Orientering. Det vil seie ei rad sterke trønder-klubbar stiller fyldige troppar. Møre og Romsdal vert små i samanlikning, men vi er med.
Sprinten går fredag 23.august med 357 påmelde (tysdag 20.august). Våre stiller slik i sprinten:
Pernille: D 21 – 35 deltakarar, mellom desse Ingrid Lundanes, søster av den nyleg doble VM-vinnaren Olav Lundanes.
Tobias: H 9-10 år – 15 deltakarar
Mikkel: Stiller i «Direkte» - 10 deltakarar
Langdistansen vert avvikla dagen etter sprinten, altså laurdag 24.august, med 430 påmelde.
Våre stiller slik:
Pernille: D 35 – 10 påmelde
Tobias: H 9-10 år – 13 påmelde
Mikkel: N-open – 11 påmelde
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024