Radka kald og sterk på Aurlandsfjellet
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Aug 2019
Mange arrangørar skal på
død og liv opp i høgda. Høgt opp – langt over 1000 meter. Dette er vel og bra i
finevêr. Men når det er som i Aurland laurdag 17.august, då vert det fælt for
utøvarane. Bitande vind av god styrke og nedbør i store mengder gjorde årets
Aurlandsfjellet Xtreme Triathlon til ei heller trist, men xtrem, oppleving.
Radka skriv at dei beste
forholda var i Aurlandsfjorden under symjinga. Der symde Radka 1900 meter på
35.38, i vatn som heldt 17 grader. 94 kilometer sykling over Aurlandsfjellet
til Erdal og tilbake gjorde deltakarane så stivfrosne at dei miste kontakta med
eigen kropp, før det heile vart avrunda med ein halvmaraton opp Aurlandsdalen
til mål på Østerbø.
Men Radka er ein slitar.
Og ho gjennomførte med stil, til sluttida 9.25.20. Sjette beste kvinne av
knappe 30 stk totalt. Og 3. plass i klasse 40-49.
Radka sine tider:
1900 meter symjing: 35.38
94 km bakke-sykling: 5.38.00
21 km motbakke-springing: 2.59.31
I tillegg går det med litt tid til skifte av antrekk og andre «justeringar».
Dei 10 beste kvinnene:
1. Elin Steinsbø, Bømlo, 7.48.46 (40-49 år)
2. Maiken Skalmeraas, 8.33.24 (20-29 år)
3. Karoline Rønning, Team Merida, 8.51.35 (30-39 år)
4. Caroline Christie, Bergen Triathlon, 9.01.21 (40-49 år)
5. Kathrine Tvedt Lavik, Bergen Triathlon, 9.17.50 (30-39 år)
6. Radka Vosicka, Velledalen IL, 9.25.20 (40-49 år)
7. Kari Sigdestad, Loddefjordløperne, 9.33.16 (40-49 år)
8. Wenche G Enes, Varegg/Fjellgeitene, 9.38.01 (50-59 år)
9. Turid Rekve, Bergen Triathlon, 9.44.45 (40-49 år)
10. Cecilie Christensen, Bergen Triathlon, 9.52.21 (30-39 år)
Triathlon-vennina til
Radka, Lene Klemetsen, brukte 10.28.47
Radka melder at i 2020
vert Aurlandsfjellet bytta ut med ein triathlon som går i varmare strøk.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024