Kring 60 deltok på trimbingo til Myrdalen

    Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Aug 2019

    Turen frå Lade (eller
    Hole) gjekk lett med bingolapp i handa. Sju plakatar på den knappe tre
    kilometer lange strekninga fortalde vinnartala. At mange vann var også
    populært.

    På Myrdalsstølen venta
    trimgruppa med saft, kaffi eller brus. Grillen var framme, slik at ei pølse med
    brød glei lett ned. Eller ein kunne velje velsmakande sveler eller skuffekake
    frå ein akkurat høveleg stor meny. Dei vaksne slo av ein prat med sidemannen,
    borna fann fort ut at stølen eigna seg for leik.

    Vêret var lageleg, sjølv
    om det akkurat oppe på stølen var ein litt lei vindtrekk. Den merka vi best då
    vi var på heimveg og komen 50 meter ned i lia nedom stølen. Der var vindstille
    og ein heilt annan og høgare temperatur.

    Alt i alt eit vellukka
    arrangement i regi trimgruppa, av ein type det gjerne kan vere fleire av i
    løpet av året.

    PS – tips til trimgruppa

    Sundagane om haustane kan
    ein sjå enorme mengder hyttefolk gå tur i Ladalen. Kva med å gi desse eit
    tilbod gjennom ein trimbingo - i september eller tidleg oktober……?