Seks frå Velledalen IL sprang sommarkarusell

    Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Aug 2019

    Heile 81 utøvarar
    fullførte anten 5 eller 10 km. 31 av desse var kvinner. Ingen kvinner frå
    Velledalen IL sprang 10 kilometer, men på fem kilometer hadde vi med May Evy
    Nesheim. Ho vart like godt beste kvinne med tida 21.24 – berre slegen av fire
    menn. Med tanke på at May Evy sprang 25 knallharde kilometer under Stranda
    Fjord Trail Race så seint som laurdag, er prestasjonen hennar glimrande. Faktisk
    sprang ho 13 sekund raskare i kveld enn ho gjorde under karusell-løp nummer to
    i juli!

    VIL-tider på 5 km:

    K 40-44 år: 1. May Evy
    Nesheim, 21.24 – 13 sekund raskare enn juli. May Evy er i form!

    M 16-17 år: 1. Sivert
    Mosby Nakken, 21.32

    M 50-54 år: 3. Svein Arne
    Nakken, 22.03 – ni sekund raskare enn i juli

    M 75-79 år: 4. Olaf Einar
    Øien, 29.20 – 17 sekund raskare enn i juli

    Elles nemner vi at Irene
    Mork, Ekornes BIL, brukte 27.50 og Oddfrid Liaskar (med mann frå Velledalen)
    brukte 28.56

    VIL-tider på 10 km:

    M 40-44 år: 6. Ola Nesheim
    44.05 – med strekk. Ola sprang også på Stranda

    M 16-17 år: 1. Andreas
    Mosby Nakken – 44.29

    Alle som hadde vore med i
    to eller fleire løp i sommarkarusellen (tre løp i alt) fekk velfortente
    premiar.

    Så er det berre å trene og
    vente på ein komande vinterkarusell……

    PS.

    Vi nemner til slutt at
    Sykkylven IL sitt radarpar, Fridtjof Fredriksen og Frode Hoprekstad, tok ein
    feiande flott dobbeltsiger over 10 km i klasse M 50-54:

    1. Fridtjof Fredriksen,
    42.52

    2. Frode Hoprekstad, 43.45