Tøft gjort, Gry!
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Aug 2019
Gry Bakke Payling er ein
skikkeleg tøffing. Laurdag vart ho nummer 13 mellom kvinnene under Stranda
Fjord Trail Race – på lengste distansen på 48 kilometer. I eit løp der ho var
innom begge Blåhorna og avslutta med Stranda sentrum – Roaldshornet – tilbake til
mål i Stranda sentrum. Ein må ikkje ha studiepoeng i idrett for å skjøne at
løpet er krevjande.
Gry brukte 9.26.27 på
turen – ni timar, 26 minutt og 27 sekund.
Kim Andre Grøtting og
Kristian Tynes var påmelde på same distansen som Gry. Bak Kristian Tynes sitt
namn står det DNF i resultatlista. Som betyr at han har starta, men ikkje
fullført. Bak Grøtting står det DNS, som betyr at mannen ikkje har starta.
Vi nemner også at
Constantin Rust, som no studerer i Trømsø sprang løpet på 25 kilometer på
3.14.19. Best av sykkylvingane for studenten som representerte Tromsø
Randonee-klubb.
Hans Christian Skredlund
vart nummer 75 av 123 fullførande menn på same distanse på tida 5.01.56.
Då håper vi at dei fleste «sykkylvingane»
har vorte nemnde.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024