Treningsleir i regi av Brøvoll Tjuvfiskarlag
Postet av Velledalen Idrettslag den 31. Jul 2019
Då Roger Vanebo vart
nummer fire i klasse 55-59 år under NM triatlon – sprint, denne sommaren, gav
det ein ny kveik til Brøvoll Tjuvfiskarlag. Dette sidan symjing er ei av tre
greiner i triatlon (sykkel og løp i tillegg), og sidan Roger Vanebo sitt
symjegrunnlag vart lagt i yngre år i Hjortdalselva. Der symde han time etter
time motstraums, nesten utan å kome av flekken. Målet var blankfisk,
triatlon-trening var ei biprodukt.
Den treninga Roger dreiv
der, kan samanliknast med å springe på tredemølle. Ein spring og spring, men
kjem ingen stad.
Oppeldna av Roger Vanebo
sin prestasjon, som strengt teke var ein tredje plass, då ein av dei føre han
var engelsk, arrangerte Brøvoll Tjuvfiskarlag treningssamling for nye atletar
sist helg. Opplegget er det same gamle, gode som alltid har vore nytta, og som
ein veit fungerer. Utøvaren på fotoet trenar i greina «fisketeljing
på djupt vatn motstraums». Akkurat denne øvinga har skapt ei rekkje gode
utøvarar i undervass-rugby.
Vi kan ikkje namngi
utøvaren på fotoet, men nøyer oss med å fastslå at det er ein velledaling.
Vedkomande nyttar ikkje
kombibukse (kombinert under- og badebukse), eit prov på at vedkomande ikkje er
av dei mest drevne.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024