Før Norway Cup: Strøken grasbane rimeleg til leige
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Jul 2019

Juli er månaden der
Dalemyra stadion vert lite brukt, men er strøken.
Norway Cup i Oslo er i
hovudsak ei naturgras-turnering. I alle høve om vêret vert normalt.
Skal laget ditt til Norway
Cup, og kunne tenkje seg ei finpussing av forma på naturgras, er Dalemyra
stadion staden. Kontakt i så fall ein av desse:
Ove Inge Skylstad, leiar
Velledalen IL
Leiv Arne Alnes, banemeister
Dalemyra
Ynskjer nokon garderobe,
er det mogleg å leige det i Velledalen grendahus. Kontakt i så fall Kristin
Grebstad.
PS. Ei trening på Dalemyra
kan lett kombinerast med fjelltur, eksempelvis til Regndalen – eller til
Vellesætra/Brunstadsætra.
Siste fra Velledalen Idrettslag
Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025
Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024
Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024
220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024
Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024