22 avslutta Camp Velledalen på Fjøla

Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Jul 2019

Camp Velledalen 2019
starta på Fjøla med Terje Aurdal sitt føredrag, og det slutta på Fjøla med ei
sosial samling. Her fekk ein leske seg med god mat og drikke, det vart vist
foto frå «Campen» og det vart delt ut heider til slike som fortente det.

Gjennom heile veka har vi
hatt med oss hinderparet Anette Heimli Jokstad og Nikolai Handle Jensen. Dei
nytta Camp Velledalen som del av oppkøyringa til haustsesongen, der dei mellom
anna skal delta i VM i England. Vidare var Kristoffer Selmer i Velledalen i
to heile veker. Såleis fekk han sjå Velledalen frå den verste sida (veka før
Camp Velledalen), og frå den gode sida. Under Camp Velledalen hadde vi faktisk
ikkje nedbør. Kristoffer Selmer er for tida klubblaus. Truleg legg Velledalen
IL inn eit bod i løpet av kort tid.

Takk til Fjøla som tok mot
oss på opnings-og avslutningsdagen!