Camp Velledalen:35 i aksjon på dag fire

Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Jul 2019

Samla deltok 35 personar
under dag fire av Camp Velledalen. Dagen vart opna med tur til Dravlausnykjen.
Skodde om morgonen, men etter kvart ein strålande dag for alle som deltok på
fjellturen.

På kveldstid hadde
hinderparet Anette og Nikolai eit opplegg på Dalemyra. Her var det laga ei
allsidig hinderløype. Hindringane var både av lett og høg vanskegrad. Det
mest

   fasinerande var kor lett dette såg
ut når Nikolai eller Anette demonsterte korleis det skulle gjerast. Ei minnerik
stund for dei som var der, anten dei var deltakarar eller tilskodarar.

Og det skal seiast – det vart
avslørt talent for sporten på jentesida denne kvelden!