Camp Velledalen: 40 deltok på dag tre.

    Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jul 2019

    Kring 25 utøvarar møtte
    til o-løp i tre løyper etter Dalemyra-kartet. Her gjekk det unna med liv og
    lyst. Fleirtalet av dei som møtte var heller ferske i faget, utan at det la
    nokon dempar på innsatsen. Oslo-avdelinga sin Kristofffer Selmer fekk beste
    tida i lang løype (ca 3 km). Fleirtalet av dei yngre tok den korte eller
    mellomlange løypa.




     På kveldstid mønstra
    Velledalen IL imponerande 14 deltakarar i 2.løpet i Ålesund Sommarkarusell.
    Fire av desse vart klassevinnarar. Nikolai Handle Jensen og Anette Heimli
    Jokstad – begge frå Oslo-avdelinga - vart totalvinnarar på den kortaste
    distansen (5 km).




     Velledalen IL
       hadde største troppa i løpet som totalt talde
    62 deltakarar.