Camp Velledalen: Vellukka opningsdag

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jul 2019

Dei sparer seg ikkje! Det
kan vi slå fast om eit knippe deltakarar som har teke mål av seg om å delta på
ALT, under Camp Velledalen.

Dag 1 opna med ei
skikkeleg hardøkt. Intervall-trening på Ikornnes stadion. Opplegget varierte
frå løpar til løpar. Men det gjekk stort sett i drag på 1000 meter, så pause,
før nye drag.

 Eksempelvis køyrde Nikolai Handle Jensen 8 x 1000 meter. Der seinaste
1000-meter gjekk på 3.27. Prøv den som vil – 1000 meter på Ikornnes stadion er
to og ein halv runde.

Etter økta på Ikornnes var dei fleste innom bakrommet på Nærbutikken på
Brunstad. Her var det lett servering med kaffi, winerbrød, mokkabønner og
jordbær. Det høyrer med til soga at Velledalen IL sine to hinderess, Anette og
Nikolai (begge med 13.plass frå EM i Polen nyleg), har konto ved Nærbutikken i
Velledalen!

På kveldstid gjekk turen til Regndalen. Her deltok mellom andre to av
dei fremste trimpost-utøvarane i Velledalen IL, Inger Riksheim og Elling Hole.

 Sjølv om temperaturen var låg både i luft og vatn, og
tung skodde i fjella, hoppa fem av deltakarane på turen i vatnet og skipa sitt
eige badelag i Regndalen. Tøft gjort!!

Dag to har langtur
Svartevatnet-Myrdalsfjellet-Kleivdalsfjellet-Roaldshornet på programmet på
dagtid. På kveldstid vert det NATURSTI frå Bruna i Straumgjerde.

Start BRUNA: I tidsrommet
18.00-18.30

Ta med grillmat!