Camp Velledalen i gang med godt frammøte
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jul 2019
Ein av initiativ-takarane til
Camp Velledalen 2019, Anders Wigdahl, helsa dei kring 50 frammøtte velkomen.
Han gjekk der etter gjennom programmet for veka, med ei rad ulike aktivitetar.
Både kjende og ukjende, eksempelvis hinderløp.
Terje Aurdal (66) heldt så
eit interessant føredrag om turen han gjorde i 2018, «Noreg på langs gjennom
tre årstider». Ein tur han starta i nord i mars månad, to veker etter han gjekk
Vasaloppet (90 km) for siste gong. Turen starta med pulk og ski, for seinare og
gå over til sykkel, kano og eigne føter som transportmiddel. Kring fire mnd
etter starten var han framme ved Lindesnes.
Alt i alt ein lovande
start på Camp Velledalen, der personar med adresse på Tandstad imponerte med
stort frammøte. Såleis gjekk fyrste stikk til Tandstad, under Camp Velledalen.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024