Gladsak på ein grå dag
Postet av Velledalen Idrettslag den 3. Jul 2019
Alle som har spela Monopol kjenner namnet Slemdal
– namnet på ei solid gate som kan vere god å ha. Men namnet
Lars Ivar Slemdal er kanskje mindre kjent….. enno, vel å merke. Der kan det bli
ei endring, då den 195 cm lange, sympatiske karen til høgre på fotoet er
midtstoppar og lagkaptein på fotballaget til Bærum. Laget som ganske så nyleg
sette Vålerenga på plass i NM-cupen med 5-3, etter å ha lege under 0-2 i ei
tidleg fase i kampen. Klubbfargar gult og svart, som vårt eige lag – Velledalen
& Ringen Fotballag – hadde.
Tysdag 3.juli var Lars
Ivar innom Nærbutikken i Velledalen der han hadde eit hyggjeleg møte med
VIL-kasserar Henning Tandstad og VIL-nestleiar Atle Hole. Der vart han traktert
med kaffi og vørterøl, klubben hans vart invitert til treningsleir på naturgras
i Velledalen neste sommar og han fekk lovnad om plass på Velledalen IL sitt lag
i neste års Holmenkollstafett om det høvde med Bærum sitt kampprogram. Vidare
fekk han ei Konradløp-skjorte, og ståande invitasjon til deltaking 1.mai klokka
05.00 i 2020.
Kvifor slik godheit for denne karen….?
Jau han kom til Velledalen
med buss for nokre dagar sidan. Oppakninga var ein fjellmann verdig. Og karen
tok inn på Vellesæterhytta. Planen var å gå i fjella.
Men så var det desse hersens vêrgudane då.
Dei skapte seg aldeles vrange. Mest som dei ikkje
hadde fått mat på fleire dagar, og som om dei sa: «Han Lars Ivar skal ikkje gå
i fjellet åleine». Regn, skodde, dyvåt mark og berre nokre få plussgrader dag
ut og dag inn.
Bærums-kapteinen tok seg
klokeleg nok ned att i låglandet. Han ville ta buss tilbake til Ålesund. Såleis
kom han inn på Nærbutikken til Henning, for å sjekke bussruter og få seg ein
kaffitår.
Lars Ivar var imponert over servicen han fekk.
Den varme kaffien var sælebot etter alt regnet han
hadde opplevd i Velledalen. Han fekk ordna opp i eit problem med
mobiltelefonen, og han fekk ein god fotballprat. Vi fortalde han at neste gong
han kom, skulle han få møte Svein Nakken. Mannen som elskar Hødd og hatar
Rosenborg og Vålerenga. Vi trudde Svein hadde sett umåteleg pris på å ha fått
takka Bærums-kapteinen personleg, for elimineringa av Vålerenga.
Då gliste kapteinen breitt,
tydeleg imponert over engasjementet. Buss-tida (12.14
frå bedehuset) var komen og kapteinen gjorde seg klar til å forlate Velledalen.
Torsdag skulle han få ein kamerat på besøk i Ålesund. Bodskapen han vil
formidle til denne vert kanskje:
-
Planlagde
fjellturar gjekk i vasken, men timen på Nærbutikken var prima både for kropp og
sinn.
Velledalen IL ynskjer stopparkjempa Lars Ivar Slemdal
og Bærum
, med trenar Jan Derek
Sørensen, lukke til med resten av sesongen. You no longer walk alone!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024