Tøff trippel av 76-åringen, Olaf Einar!

Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jun 2019

-
   

 Du er ein
tøffing, Olaf!

La det ikkje herske nokon
tvil om at redaktøren av VIL-Nett meiner det. Det er noko Radka-liknande over
deg. Kanskje er det nettopp frå deg Radka Vosicka har henta inspirasjon…?

8.juni var Olaf i
Geiranger, der han henta seg ein ny pallplass i Nibbeløpet. Denne gong i klasse
75 +. Hans løp nummer 26 av 26 moglege i turistbygda. Ein prestasjon han er
åleine om. Og han var 51 år då han debuterte i løpet på 21 kilometer med 1500
høgdemeter.

At Olaf var i Geiranger
var ikkje sjokkerande. Men vi vart meir overraska då han helga etter dukka opp
på startlista i Varden Opp i Langevåg.

 -
   

 Er det ikkje slik
at eldre løparar treng lenger restitusjonstid…?

Olaf hadde ingen problem
med å fullføre sju dagar etter Nibbeløpet.

Så kom vi til 22.juni. Mefjellet
Opp med innlagt NM i motbakkeløp. Nasjonens beste kvinner og menn i kunsten å klyve
høgdemeter var på plass. Det same var Olaf Einar Øien i klasse 75 +. For tredje
helg på rappen. Olaf er ikkje lenger raskast, men han representerer breidda -
og Velledalen IL !

OLAF-TRIPPELEN 2019:

8.juni: Nibbeløpet
Geiranger – tid: 3.56.34

15.juni: Varden Opp,
Langevåg – tid: 1.42.14

22.juni: Mefjellet Opp,
Norddal – tid: 1.47.17