- Fantastisk o-helg på Oppdal
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Jun 2019
Mikkel,
Tobias og Pernille frå Velledalen IL reiste til Oppdal saman med Emblem
IL-duoen Sturla og Fredrik Idland. Her fekk dei bryne seg mot skarpskodde
utøvarar, dei klart fleste trøndarar.
På
dag to var Mikkel fyrst i aksjon av våre, i klasse N-open. 1460 meter med tolv
startande. Mikkel starta fyrst og kom fyrst i mål. Vêret var godt, og løypa
lagt på morosame småstiar. Både Mikkel og Tobias er motiverte for springing og
greier orienteringa sjølve.
Tobias
starta i klasse H 9-10 år, med løype på 1570 meter. Vi treng ikkje
offentleggjere tida, men nøyer oss med å nemne at Tobias viste imponerande
takter. Takter som lovar godt for framtida!.
Ho
mor sjølv, Pernille, starta andre dag i Oppdal 2-dagers i klasse D 21. I
etterkant uttala ho dette om eigen prestasjon:
-
Jeg er storfornøyd med løpet mitt i dag. Sprang rolig
og mer eller mindre rett i alle poster; noe som er en fantastisk følelse. Det
er o-teknisk krevende her, og man må finorientere hele veien; mister du
kontroll med kartet er det helt umulig å lese seg inn.
RESULTAT D 21:
1. Karen Oline Kolstad,
NTNUI, 44.29
2. Mari Støen Gussiås,
MOI, 49.06
3. Pernille Ibsen Lervåg,
Velledalen IL, 53.17
4. Pauline Røstum
Bellingmo, OL Gaula, 55.33
5. Kristin Høydalsvik
Wells, Byåsen IL, 1.12.30
Familien Lervåg gler seg
no stort til publikumsløp i Danmark i sommar i samband med Junior-VM i
orientering. I slutten av august skal ein ikkje sjå vekk frå at det blir
deltaking i Midt Norsk Meisterskap i Stjørdal.
-
O-løp er gøy,
altså, heiter det frå trioen som no sit i bil på heimveg frå Oppdal.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024