Frode dagens VIL-utøvar under motbakke-NM

    Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jun 2019

    arkivfoto frå Varden opp (foto Asgeir Tandstad)
     Vi går eitt år tilbake i
    tid, til juli 2018. Frode Mauren hadde fullført eit av sine fyrste løp for Velledalen
    IL under Mefjellet Opp. Han var ein skuffa mann. Klokka hadde stansa på
    1.05.26. Den personlege bestenoteringa var til samanlikning på 1.04.11.

    Kring eitt år seinare,
    nærare bestet 22. juni 2019, deltek Frode Mauren i NM i motbakkeløp i løypa han
    kjenner betre enn dei fleste; Mefjellet Opp. Frode spring inn til utrulege
    59.56 og 5.plass i klasse 45-49 år.



      -
       
       




     Mitt beste – og best
    utførte

       - løp nokon gong, skriv han til
    VIL-Nett.

    Og fortel vidare:



      -
       
       




     Eg fantaserte om
    å springe under timen for løpet i fjor, men såg det som umogleg.

    Det var det altså ikkje.
    Etter eit løp der Frode Mauren var nøyaktig fem og eit halvt minutt raskare enn
    i 2018! Formidabelt – kort og godt.

    Vi kjem tilbake med meir
    stoff frå NM, men tek med tidene til våre:

    59.56: Frode Mauren (M 45-49 år)

    1.02.25: Markus Glad (M 23-34 år)

    1.05.54: Henning Tandstad ( M 23-34 år) – 1.12.28 i fjor

    1.05.58: Jo Andre Tandstad (M 23-34 år) – spurtduell om å bli beste «tandsting»…..?

    1.06.42: Audhild Bakken
    Rognstad (K 23-34 år)

    1.08.22: May Evy Nesheim
    (K 40-44 år) – 25 sekund frå 3.plass i klassa

    1.09.30: Svein Arne Nakken
    (M 50-54 år) – held seg enno under 1.10

    Diverre fekk vi ikkje opp
    tida til Olaf Einar Øien i klasse 75+

    Andreas Mosby Nakken var
    påmeld i klasse M16-17 år, men måtte diverre melde sjukdoms-forfall