«Oppdal 2-dagers»: Tre av 220 deltakarar frå VIL
Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jun 2019
Fyrste dag av «Oppdal
2-dagers» samla kring 220 deltakarar. Med andre ord litt større «saker» enn det
vi arrangerer i Velledalen IL.
I dag stilte Mikkel og
Tobias begge i klassa N-Open. Med ei løype på 1810 meter og 19 deltakarar. I
tillegg til dei to VIL-løparane, deltok Sturla August Idland i same klasse.
Alle dei tre lokale gutane fullførte med glans, i ei klasse der det ikkje vert
offentleggjort tider.
Pernille Ibsen Lervåg sesongdebuterte på Oppdal.
I ei klasse som heiter «Direkte AK», med 17 startande
og ei løypelengd på 3040 meter. Pernille vart nummer fire i klassa etter eit
solid gjennomført løp.
Her er dei sju beste i
klasse «Direkte AK»
1. Mari Angell-Petersen,
Freidig, 26.46
2. Børge Leiren, Byåsen
IL, 28.23
3. Bjørnar Lynum, Freidig,
29.36
4. Pernille Ibsen Lervåg,
Velledalen IL, 32.20
5. Fredrik Idland, Emblem
IL, 34.07
6. Trond Benum, Byåsen IL,
35.09
7. Tina Strømdal Wik, Freidig,
37.17
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024