Ny stor idrettshelg – ni frå VIL i motbakke-NM

Postet av Velledalen Idrettslag den 21. Jun 2019

Friidrettsleiaren i
Velledalen IL, Alf Petter Bøe, reiser til Sunndalsøra. Her vert han mellom
deltakarane i det tolv kilometer lange Kaptein Dreyers Minneløp. Også Espen
Forbord står på startlista i dette løpet.

På Oppdal går to store
o-løp denne helga under «Oppdal 2-dagers». Her er VIL representerte med tre
utøvarar kvar dag, nemleg Mikkel, Tobias og Pernille Ibsen Lervåg. Løpet på
Oppdal laurdag vert faktisk sesongdebut for Pernille, som har hatt mange jarn i
elden denne våren.

Laurdag 22.juni vert ein
stor dag for Valldal IL. I samband med laget sitt 100 års jubileum har laget
fått arrangere NM i motbakkeløp under Mefjellet Opp med start frå Fjørå. I
skrivande stund står 213 namn på startlista. Heile ni av desse representerer
Velledalen IL. Det er vi stolte over. Her er namna:

75 +: Olaf Einar Øien

M 50-54 år: Svein Arne
Nakken

M 45-49 år: Frode Mauren

K 40-44 år: May Evy
Nesheim

K 23-34 år: Audhild Bakken
Rognstad

M 23-34 år:
   Henning Tandstad, Jo Andre Tandstad og Markus
Glad

M 16-17 år: Andreas Mosby
Nakken.

Vi gjer merksam på at
Audhild og Markus er på lån akkurat denne dagen frå Emblem IL. Skal ein bli
registrert som deltakar i eit NM som dette, må ein representere ein klubb som
er innmeld i Norges Friidrettsforbund. Sidan Emblem IL ikkje var det, spring
dei for VIL under motbakke-NM. Begge to er særs dyktige utøvarar – Audhild til
og med NM-vinnar i skiorientering frå sist vinter – som vil vere med og løfte
Velledalen IL denne dagen.

Diverre manglar sterke
løparar som Kjell Magnar Berli og Per Inge Bjørnestad. Per Inge veit vi er på
fotballcup i Sogndal, medan rykte meinte at Kjell Magnar snusa på Besseggløpet.

Elles går Ørsta
Fjellmaraton denne helga, og vi reknar med at «Oslo-avdelinga» ikkje ligg på
sofaen dei heller.

Meld inn resultat og send
foto (atlehole@online.no).

Og vi vert glade for
sportslege rapportar av alle slag.