Storfine VIL-resultat under Varden Opp
Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Jun 2019
Vi ser at friidrettsleiaren har flata ut, og at Olaf Einar manglar på fotoet. Bak frå venstre har vi: May Evy, Frode, Per Inge, Kjell Magnar, Jo Andre, Henning og Bjørn Arve. Ein flott gjeng!!
70 utøvarar fullførte
Varden opp i Sula kommune på Sunnmøre 15.juni 2019. Av desse var 14 kvinner.
Vårt lag hadde her med May Evy Nesheim. Ho vart nummer to i klasse 40-44 år med
tida 1.02.33. Totalt vart ho nummer seks av kvinnene – solid!
Ikkje overraskande vart
Johan Bugge, Mosvik IL, best av mannfolka. Med tida 39.00 var han over fem minutt
føre nummer to. Men så er også Bugge heit kandidat til NM-gull i motbakkeløp
under Mefjellet Opp om ei veke. Kjell Magnar Berli var med og kjempa om 2.plass
totalt, men Lars Åkernes Rimereit, Eidsdal IL, vart litt for sterk denne
gongen. 44.16 på Rimereit, 44.27 på Kjell Magnar, som nok ein gong drog i land
ein pengepremie. I same klasse som Kjell Magnar,
23-39 år, hadde vi med Tandstad-karane Jo
Andre og Henning. Begge hadde som mål å kome under timen, og begge lukkast.
Sterke 57.11 på Henning, medan Jo Andre var den siste som kom under timen, og
kontrollerte inn til 59.34.
I klasse 45-49 år er
Velledalen IL sterke. Per Inge Bjørnestad imponerte i Geiranger sist laurdag.
Om han var fullrestituert skal vi ikkje seie for sikkert, men 2.plass i klassa
på tida 50.48 (berre slegen av Are «stikk ut» Uran) vitnar om god form. På
plassen bak kom Frode Mauren, som nok ein gong sette ny personleg rekord. Den
lyder på 52.45, og står i alle fall fram til år 2020. Frode vart nummer 19 av totalt 56
mannfolk, Per Inge nummer tolv.
Olaf Einar Øien er ein
hardhaus. Sist laurdag sprang han Nibbeløpet for 26.gong av 26 moglege, og dei
fleste hadde vel venta han ville kvile denne helga. Men neidå, Olaf var på
plass og leverte
1.42.14, som heldt til
2.plass i klasse 70+
Vi må heller ikkje gløyme
friidretts-leiaren vår, Alf Petter Bøe. Han vann like godt klasse 50-54 år på
tida 54.07, 22 sekund seinare enn han sprang i 2018.
Bjørn Arve Brune frå
Stranda leverte solid i klasse 55-59 år. Flott 3.plass med tida 58.45.
PS. Kjell Magnar sprang
godt under Varden Opp også i 2018, men var nøyaktig 30 sekund raskare i 2019.
Om han stiller under NM laurdag 22.juni bør det naturlege målet vere ei topp-3
plassering av sunnmøringane. Skal vi kome med eit råtips, held vi ein knapp på
Andreas Skylstad som den sterkaste. Men «KM-en» har vist helg etter helg at han
er i form – det beste han nokon gong har vore.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024