Geiranger 2019: Pallplass og personleg bestetid for KM.

Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Jun 2019

Men i klasse 23-34 år vart Kjell Magnar nummer tre, og fekk klatre opp på sigerspallen i Geiranger sentrum. FOTO: Bjørg Iren Strøm
 Kjell Magnar Berli sette personleg rekord då han vart nummer tre i
klasse 23-34 år under Nibbeløpet. Totalt vart han nummer fire av 116
fullførande.

I fjor vart Kjell Magnar nummer to totalt på tida 1.42.57. I år er
karen i kjempeform, og har tidlegare i sesongen vunne Konradløpet og Molde 7
topper.

 Difor var det ikkje overraskande
at han pressa bestetida si ned til 1.41.27. Ei

  
betring på eitt minutt og 25 sekund.

Og han slo
fjorårsvinnaren, Iver Matias Glomnes, valldaling som no spring for Strindheim
IL.



  -
   
   




 Det var sæleg mot
slutten av løpet eg gjorde det betre dette året, sa Kjell Magnar til VIL-Nett
etter løpet. Og han såg heller ikkje spesielt sliten ut.

Eit naturleg mål for Kjell
Magnar ved seinare høve bør vere å bryte den magiske 1.40-grensa.

Her er lista over dei 10
beste herrane i Nibbeløpet 2019, uansett klasse:

1. Kilian Jornet,
Spania/Måndalen IL, 1.26.42 (ny rekord)

2. Per Christian
Torgersrud, Team Sportmanden, 1.30.23

3. Vegard Øye, Løten,
1.38.40

4. Kjell Magnar Berli,
Velledalen IL, 1.41.27

5. Kim Andersson,
Sverige/Umara Sports Club, 1.42.01

6. Iver Matias Glomnes,
Strindheim IL, 1.43.24

7. Anders Tveit, Birkenes
IL, 1.45.30

8. Arild Vonheim, Eid
Motbakkelag, 1.53.12

9. Kornelius Linge
Glomnes, Valldal IL, 1.54.48

10. Knut Anders Hatlen,
Stranda IL, 1.54.58

NB!

Men i klasse 23-34 år vart
Kjell Magnar nummer tre, og fekk klatre opp på sigerspallen i Geiranger sentrum.
FOTO: Bjørg Iren Strøm