Deltakarrekord og 10 års jubileum i Koldabakken
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Jun 2019
Koldabakken Grand Prix er i
høgste grad eit lågterskel-tilbod. Men løpet som ikkje er stort lenger enn 300
meter,
er både truskuldig og brutalt på
same tid. Fram gjennom åra byrjar det bli nokre som har hatt sitt fyrste møte
med mjølkesyra i denne bakken.
Sundag 2.juni gjekk startskotet med Johannes
Linga ut som fyrstemann ut i intervallstarten. Av fem born var Jakob Hole den
yngste, medan Olaf Einar Øien var eldstemann på deltakarlista, han passert
nyleg 76 år. Av deltakarar over 60 år nemner vi Eldrid Myhre og Per-Gunnar
Holmberg.
På den eksklusive delen av
deltakarlista hadde vi ein kar frå Wietnam i trimklassa, og ein vordande
brudgom med namn Hauge i konkurranseklassa. Diverre hadde ikkje «brudgommen» blitt
åtvara mot løypa på førehand, men VIL-Nett får meldt at bryllaupet går som
planlagt.
Som i fjor vart Kjell
Magnar Berli beste herreløpar og Radka Vosicka beste kvinne. Ingen
løyperekordar i år, men deltakarrekord. 20 utøvarar på tid, og 13 i trimklasse
utan tidtaking, er klart ny bestenotering.
Mange vart premiert, og
det vart servert sveler, sjokoladekake, kaffi og saft. Alt gratis. Dei komande
månadane vert Koldabakken arena for Bjørn Ove Hole sine beitedyr, men om eit
års tid ynskjer vi velkomen tilbake til nytt løp – i kategorien
sprint/jogg/gange i motbakke
Kos dykk med
resultatlista!
Resultat
Koldabakken Grand Prix 2019
Herrar
1. Kjell Magnar Berli 01.29
2. Andreas Mosby Nakken 01.45
3. Sivert Mosby Nakken 01.56
4. Henning Tandstad 02.03
5. Svein Arne Nakken 02.06
6. Ole-Peder Kristian Holmberg 02.20
6. Lars Even Hatlemark 02.20
8. Ole Sivert Hauge 02.36
9. Per Gunnar Holmberg 03.02
10. Olaf Einar Øien 03.35
Kvinner
1. Radka Vosicka 02.07
2. Frida Hjelle 02.30
3. Emma Olin Holmberg 02.36
4. Christina Linnea Holmberg 02.45
5. Eldrid Myhre 02.53
Born
Jakob Eugen Hole 03.05
Johannes Linga 02.48
Leanna Ovidia Hole 03.25
Olve Hole Bjørneseth 02.34
Pernille Linga 03.02
Mosjon utan tidtaking
Nils Terje Skylstad
Alf Petter Bøe
Anita Mosby Nakken
Sigrid Ertresvåg
Britt Janne Aune
Atle Jomar Hole
Ann-Helen Hole
Asgeir Tandstad
Inger Halldis Kurseth Tandstad
Anita Holmberg
Hoa Le Van
Liv Nordli Hole
Bjørn Ove Hole
Julianne Linga
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024