Koldabakken Grand Prix 2.juni klokka 16.00

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Mai 2019

Vi ynskjer store og små
hjarteleg velkomen til Koldabakken Grand Prix. Eit motbakkeløp på kring 300
meter. Eit motbakkeløp som riv i lekamen. Både der og då og etterpå!

FRAMMØTE: På Hole der
asfaltert veg sluttar.

PÅMELDING: Frå 15.25 ved
garasjen til Nils Terje Skylstad.

START: Intervallstart frå
klokka 16.00 – 30 sekund mellom kvar utøvar.

KLASSER: Frå 0-80+ på tid.
I tillegg trimklasse utan tidtaking for tilskodarar og funksjonærar.

STARTKONTINGENT: Kr 50,-
FAMILIE: 120,-

PEMIERING: Ja.

MAT: Kanskje.

DRIKKE: Ja.

Friidrettsleiar Alf Petter
Bøe melder at arrangementet vert gjennomført uansett vêr.