VIL-løparane sprang inn 4000 kroner i Molde

Postet av Velledalen Idrettslag den 28. Mai 2019

Under Konradløpet var det
Kjell Magnar Berli og Pernille Ibsen Lervåg som sikra seg pengepremiane – 1500 kroner
på kvar av vinnarane.

I Molde var Kjell Magnar
frampå nok ein gong. Der kunne han reise heim 3000 kroner rikare som
totalvinnar i løpet. Etter ei «arbeidstid» på ni minutt under to timar. Radka
vart tredje beste kvinne i ultraløpet, noko som kvalifiserte til 1000 kroner.
Men her var «arbeidstida» sju timar og tolv minutt, så det var henne vel unt.
Det høyrer med til soga at både Radka og Kjell Magnar fekk tilleggspremiar som
klassevinnarar.

Kjekt at løparane våre har
vorte så gode at dei forsyner seg av dei gjevaste premiane.