Takk til Sykkylven Energi!
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Mai 2019
O-gruppa i VIL med Pernille i spissen har snart «kartlagt» heile bygda
med tanke på o-løp. Men o-kart kostar pengar å lage, så ein er avhengig av
støtte for å drive prosjekta fram. Denne gongen takkar vi Sykkylven Energi for
pengegåve som er med å gjere o-kart for området Ikornnes/Hundeidvik mogleg.
Mange har lagt merke til Velledalen IL sine flotte løpstrøyer. Dei av
løparane våre som brukar slike er lett attkjennelege.
Sjå fotoet frå Storhornet på Godøya og nyt kor flotte
Frode og May Evy er der. I morgon går ei ny tinging inn til Trimtex, mellom
anna av singlet og trøyer. Har du ikkje tinga slike produkt kan Alf Petter
(901 62 279) eller Henning (415 11 242)
kontaktast. Sykkylven Energi sponsar også desse produkta. TUSEN TAKK!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024