Verdas O-dag med 49 startar i Velledalen

Postet av Velledalen Idrettslag den 15. Mai 2019

På dagtid var skuleborna
ved privatskulane i Hundeidvik og Velledalen i aksjon. Og på kvelds/ ettermiddag
stod tre løyper og venta på nye aktørar. Klart flest sprang den korte løypa, og
det store fleirtalet fann postane i rett rekkefylgje. Raskast i kort løype var
Johan Fløttum Fauske (VIL) og Lillian John frå Søvikdal grendalag.

I mellomlang løype var
deltakinga svakast, med berre tre fullførande. Her var Lars Even Hatlemark
(VIL) raskast med tida 13.11.

I lang løype hadde
naturleg nok dei vaksne dei beste tidene, men åtte utøvarar frå den yngre garde
kom seg fint gjennom utan disk. Dei fem raskaste i lang løype, alle frå
Velledalen IL:

1. Henning Tandstad 14.49

2. Mateusz Balon, 15.57

3. Lars Even Hatlemark,
16.15

4. Jon Hjortdal 16.43

5. Olai Hole Bjørneset
20.31 (beste ikkje-vaksne).

Minst kvile denne kvelden
fekk truleg Johan Fløttum Fauske. Han var den einaste som gjennomførte alle tre
løypene.
   Til framifrå plasseringar over
heile lina (1. 2. og 6.plass).

Det sosiale opplegget
kring arrangementet slo godt an. Både store og små såg ut til å kose seg med
mat/ drikke, leik og kos etter siste post var funnen.