O-løp, leik, kos og grilling
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mai 2019
arkivfoto
Dette er eitverds-omfemnand
tiltak. I 2018 deltok 350 000 born og unge i o-aktivitetar i 80 ulike
land.
Opplegget i Velledalen vil
ha marka nedom naturbarnehagen som hovudarena. Her vert det o-løp (kort løype),
leik, kos og grilling i tidsrommet 17.30 – 19.00. Det vert sal av pølse med brød
til ein rimeleg pris, slik at det er muleg å hoppe over middagen.
Tre ulike løyper. Den
kortaste kring 500 meter, den lengste på om lag to kilometer har ei sløyfe opp
i Tregardane bustadfelt.
Opplegget passar for born,
unge, vaksne og gamle. Det er gratis å delta, og det er lov å kome og berre
delta på leik, kos og grilling. Og det er lov å ha med både sykkel, fotball
eller kva ein no måtte like å styre med.
Arrangøren ser helst at
bilar blir parkert på grusbana, slik at det ikkje blir for mange bilar på kryss
og tvers der det skal springast og leikast.
-
Vi håper på stort
oppmøte og ein hyggjeleg ettermiddag, heiter det i invitasjonen frå O-gruppa i
Velledalen IL.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024