God start på dagen: Fantastiske resultat i Malmø
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Mai 2019
Arkivfoto
Knallstart for Anette Heimli
Jokstad i Malmø i dag. Fjerde plass i eliteklassa for kvinner, 38 sekund bak
nummer tre og pallplass, det er vi storleg imponert over.
Dei ti beste frå eliteklassa, kvinner, i Malmø:
1. Karin Karlsson,
Merrell, 48.00
2. Linnea Ivarsson,
Astaxin, 48.42
3. Julie Alexandra
Wahr-Hansen, Team Johaug, 53.08
4. Anette Heimli Jokstad, Velledalen IL/Team OCR
Norway, 53.46
5. Annika H. Runegaard,
56.23
6. Emelie Lindgren, The OCR Gym, 57.37
7. Amanda Fors Åkesson, Gripen OCR, 57.56
8. Malin Johansson, 59.07
9. Maja Wellner, Team Kroppslabbet, 59.43
10. Adna Tahirovic, Team OCR Norway/Asics Frontrunner, 1.01.21
I herreklassa, elite,
gjorde Nikolai Handle Jensen ein framifrå flott prestasjon, med 22. plass
mellom godt over 100 skarpskodde utøvarar. I denne klassa var det tett mellom «båtane».
Eitt minutt raskare tid ville gitt Nikolai 15. plass i det sterke selskapet.
Dei beste i herreklassa, elite:
1. Victor Lövdal, Team Toughest Finland, 38.38
2. Nikolaj Dam, Team Clif Bar, 39.14
3. Krister Sellman, Team Skins, 39.35
4. Ludvig Werkmäster, Tough Training Group Umeå, 39.48
22. Nikolai Handle Jensen,
Velledalen IL/Team OCR Norway, 45.33
Hinderløpa i Malmø i helga
har kring 6500 deltakarar og om lag 40 000 tilskodarar, så dette er svære
saker.
Det er største løpet for heile
sesongen, og prestasjonane til Anette og Nikolai må sjåast i lys av det.
Gratulerer med prima
innsats, Nikolai og Anette!!
PS. For dei som måtte
lure; løypa er åtte kilometer lang, har 40 hinder og 6 «fast lanes».
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024