Sterke prestasjonar på halvmaraton i Ålesund
Postet av Velledalen Idrettslag den 11. Mai 2019
Men Andreas var ikkje
åleine om å gjere det godt i Ålesund. Våre tre andre deltakarar, Olaf Einar
Øien, Frode Mauren og May Evy Nesheim, kan alle vere strålande nøgde med
prestasjonane.
Klasse M 75+:
2. Olaf Einar Øien,
Velledalen IL, 2.24.16 (to fullførande)
Olaf fullførde Ålesund
halvmaraton med glans i ein alder av 76 år. Sterkt!
Klasse M 45-49 år:
3. Frode Mauren, Velledalen
IL, 1.27.05 (14 fullførande).
Frode sprengde som venta
1.30 grensa, og kryssa mållina tre minutt og 18 sekund raskare enn under
nyttårsløpet 30. desember. Har nok enno sterkare tider inne om han får ein
passande rygg i seinare løp.
Klasse K 40-44 år:
5. May Evy Nesheim,
Velledalen IL, 1.42.54 (13 fullførande)
Sterk tid av May Evy. Vi
nemner at Pernille har klubbrekorden på halvmaraton for kvinner med 1.39 og
nokre sekund. Radka har 1.40. Så May Evy er ikkje langt bak. Jamt, fint løp i
Ålesund utan noko form for sprekk.
Klasse M 16-17 år:
1. Andreas Mosby Nakken,
Velledalen IL, 1.46.38 (tre fullførande)
10 minutt og 38 sekund
betre enn for eit halvt år sidan er rett og slett imponerande. Og enno meir
imponerande enn tida, er måten guten disponerte løpet sitt. Andreas sprang
nemleg raskare siste halvdel av løpet enn fyrste. Det er det berre garva
løparar som plar gjere. Gratulerer Andreas, vi ventar i spenning på komande løp!!
Beste herre halvmaraton:
Karl Idar Vik, Syvde IL, 1.20.41
Beste kvinne halvmaraton:
Helene Herje Ellingsen, Bris trening, 1.23.38
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024