Spreke utøvarar i klasse 60+
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Mai 2019
Eldrid Myhre er om lag
midt i 60-åra. Bestetida sette ho i 2012 med 23.39. Sju år seinare er ho like
sprek – så å seie – med tida 24.01. Vi nemner at ho gjorde 24.00 i 2018, og har
også notert 23.41 og 23.46. Jamn, og særdeles solid vurdert etter alder.
Velledalen IL kjenner ikkje alderen på alle som deltok, men vi er ganske sikre
på at Eldrid var beste kvinne i klasse 60+.
Fleire mannfolk i 60-åra
noterte seg godt oppe på resultatlista. Vi garanterer ikkje at topp-4 er rett,
men vi prøver:
1. Sigbjørn Hoel 18.43 - spring halvmaraton i Ålesund laurdag
2. Sveinung Grebstad 20.45
(1956-model)
3. Eldar Høidal 22.13
(1956-model)
4. Inge Asbjørn Haugen
22.24 – mannen med 580 heilmaraton på blokka spring eit nytt i Ålesund laurdag.
Inge Asbjørn høyrer til i klasse 65-69 år.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024