Råskinnet 2019
Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Mai 2019
Ellen Marie Hole og
Anders Wigdahl opna løps-sesongen 2019 med deltaking i Råskinnet, det skitnaste
løpet i Noreg. Før start angra Ellen Marie, som var debutant, litt på at ho
ikkje heller hadde meldt seg på Knøttetassen. Anders Wigdahl deltok i løpet for
andre gong.
Det var kaldt i
vêret, som under løpet veksla mellom sol, regn og hagl. Løypa skifter frå år
til år, der arrangørane leggjer løypa til dei mest våte og tunge forholda som
er å finne i marka.
Løpet starta på
friidrettsbana til NIH, og etter 200 meter på tartandekke er det rett ut i eit
gjørmebad. Her er det nesten uråd å passere utan å stå med gjørme opp til
livet.
Ellen Marie var
uheldig etter 2.5 km, der ho glei i ei myr, noko som resulterte i ei saftig
lårhøne. Vart litt prega av dette vidare i løpet, og fekk spesielt store
problem i eit parti av løypa som gjekk rett ned ei bratt fjellskrent. Løypa
kryssa Sognsvann to gongar, der ein altså måtte springe i vatnet. Det var eit
sjokk for kroppen å dukke under det kalde vatnet.
Anders Wigdahl betra
slutt-tida si frå i fjor med 5 min, og vart med dette nummer 30 av 136 i si
klasse. Var sjølv nøgd med plasseringa i eit ganske sterkt felt, men samstundes
ikkje rå prestasjon tidsmessig eller oppleving. Reknar med at forma blir betre
for kvart løp.
Anders starta løpet
roleg og kontrollert, og klarte seg bra gjennom dei verste partia med myr. Her
er det lett å pådra seg mykje syre! Etter andre passering i vatnet gjekk han
likevel på ein liten smell, der han knapt kjente beina inn til mål.
resultat:
K
23-34 år:
17. Ellen Marie Hole, Velledalen IL – friidrett,
1.02.39 (av 106 fullførande)
Totalt nummer 72 av 360 fullførande
kvinner.
M
23-34 år:
30. Anders Wigdahl, Velledalen IL – friidrett,
50.28 (av 118 fullførande)
Totalt nummer 80 av 440 fullførande menn
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024