Konradløp i fleire byar

Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2019


     Første melding om fullført Konradløp kom frå Göteborg. Endre Rydland Vetås fullførte 3,11 km. på godt under 20 minutt, tidleg onsdag morgon.
    
     «Grunna den store festen som er i heile Sverige 30. april, feiringa av Valborg, møtte eg, den einaste gjennomføraren av GöteKonrad, mange under- og overstadig berusa personar under løpet, og måtte legge om ruta litt undervegs grunna dette.» fortel Endre.
     
    
     Det smakte ekstra godt med frukost etter ein frisk morgontrimtur. Vi takkar for eit positivt innslag frå Sverige!
     
    
    
      
    
     Seinare på dag fekk vi ei hyggjeleg melding frå Bergen. Her hadde Tomas Tandstad, Jørn Strømmegjerde og Vebjørn Solvang fullført ei runde på 4,2 km. «Det var ønskjeleg å ta løpet kl 05. Men grunna turnusjobb måtte løpet gå 19:30.» utgreier Tomas, som bur rett sør for byen og arbeidar som togleder i Bane NOR. Jørn er frå «heimbygda» og bur til vanleg på Aursneset. Han var med i årets PåskeKonrad i Velledalen, men sidan han som styrmann på ein ankerhandterar no var i Bergen og på veg til sjøs saman med kollegaen Vebjørn frå Rugsund, passa det bra å ta Konradløpet i her. «Tre deltakarar og dermed berre pallplasseringar. Det er sterkt!» fortel Jørn. Takk for arrangementet i Bergen!
     
    
    
      
    
     Ikkje nok med det – til og med på andre sida av jorda, i ei heilt anna tidssone, vart det arrangert løp med Mons-Konrad i tankane tidleg onsdag morgon. Robin Urke Brunstad er for tida student i Hamilton, New Zealand og kunne fortelle at det vart ein deltakar, sjølv om der var fleire interesserte som vart hindra av studiearbeid. «Eg satsar på at rekorden for Konrad-vinnar med målgong lengst unna det ekte Konradløpet vert ståande ei stund.» fortel Robin. Frokosten i etterkant var fortreffelig. Takk for gjennomføringa frå andre sida av kloden!