Konradløpet 2019: Retting i resultatlista
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Mai 2019
Foto frå målgongen syner heilt klart at Gry Bakke Payling kryssar mållina før Eva Kokoo. Dermed rykkjer Gry fram til 36. plass totalt (fjerde beste kvinne) med tida 20.05. Eva Kokoo vert då nummer 37, med tida 20.06.
Vi mistenkjer at kvinna som var påmeldt under namnet Eva Kokoo, er identisk med tidlegare Eva Kisuro, som i 2016 sprang Konradløpet på fine 19.28. Vi trur dama kjem frå Latvia, og såleis har Latvia-rekorden med tida 19.28.
Gry Bakke Payling si bestetid i Konradløpet er også frå 2016 – på knallsterke 18.06. Den sjette beste tida som nokon gong er levert av ei kvinne på dei 18 åra løpet har vorte arrangert.
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024