Tromsø- Konrad
Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mai 2019
Medan våren byr på varmerekordar, blømande tre og
pollenallergi i sør, er stoda ei heilt anna i nordlege delar av landet. Her er
vinteren seigare enn klister, noko ein nyinnflytta "søring" smerteleg
fekk erfare då Tromsø-Konrad skulle arrangerast. Den planlagde traseen rundt
Prestvannet var framleis meir eigna for ski enn joggesko i det april ebba ut og
mai tok over. Løysinga vart å leggje løpet til ei meir springevenleg rute
gjennom gatene, der is og snø har gitt tapt for berr asfalt.
Einsam og åleine stod eg og hutra i Biskop Berggravs gate kl
05.00. Temperaturen hadde krope ned til den blå delen av gradestokken, og ei
lett snøbyge leika i lufta. Mitt einaste mantra var "å stå han av",
som nordlendingane seier. Med Konrad i tankane la eg ut på ein 4.5 kilometer
lang joggetur gjennom min nye by. Eg har aldri vore eit A-menneske, og det tok
naturlegvis litt tid før kropp og sinn starta å vakne til liv. Etter eit par
kilometer skimta eg Ishavskatedralen, han låg salig og sov under kvite fjell
saman med resten av nordens Paris. Dei einaste som var oppe var eg, russen og
ein flokk med måsar som akkompagnerte med sine evige skrik, og lova at sommaren
og midnattssola er rett rundt hjørnet.
Årets TromsøKonrad må reknast som eit symbolsk
prøveprosjekt. Spiren er sådd. Eg flytta hit for seks dagar sidan, og i frykt
for å øydeleggje dei få relasjonane eg har i Tromsø, var eg forsiktig med å
avbryte nattesøvnen til mine bekjente i år. Men berre vent - neste år slepp
ikkje dei unna.
Hilde Tandstad
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024