Konradløpet: Ta godt vare på startnummeret ditt!
Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Apr 2019
Her kjem litt viktig informasjon om startnummeret ditt:
·
Det er viktig at flest mogleg hentar startnummeret
sitt i Velledalen grendahus tysdag 30.april i tidsrommet 18.00 – 20.00. Då
unngår ein kø og kaos løpsmorgonen.
·
Startnummeret
skal festast på framsida av skrotten. Helst på mage-brystregionen. Då er
nummeret best synleg for funksjonærane i målområdet.
·
Startnummeret er eit verdipapir som gir 30 prosent
avslag på handel hos sponsoren vår, Focus Sport/Sport1 i Sykkylven sentrum.
Unnateke er syklar og el-sykkel. Ta difor godt vare på startnummeret ditt. Den
rabatterte handelen bør helst gjerast før jul.
·
Har ein ikkje
sjanse til startnummer-henting 30.april, kan nummeret hentast løpsmorgonen ved
start på Brunstad. Ver i så fall ute i god tid. Helst ikkje seinare enn 04.30.
·
Etter du er komen
i mål, tek du vare på startnummeret. Sjekk i Velledalen grendahus om du har vunne
premie trekt på startnummer. Under frukosten vert mellom anna ein kvilestol frå
IMG trekt på startnummer.
·
Lukke til med
Konradløpet 2019!!
Siste fra Velledalen Idrettslag

Rapport frå idrettsskulen
31.01.2025

Juleavslutning for sirkeltreningsgjengen
20.12.2024

Svein og Fridtjof gjennomførte med glans
05.03.2024

220 noteringar i skogsvegen Drabløs
05.03.2024

Er det aktivitet på trimpostane…?
01.03.2024