Jorunn og Anja sprang Sentrumsløpet i Oslo

Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Apr 2019

Sentrumsløpet i Oslo
samlar kvart år tusenvis av løparar. Dei fleste spring 10 km, men der finst
kortare alternativ. Oskar Johan Kjellsbøl Hole gjorde unna PåskeKonrad på 16.51.
Under Sentrumsløpet vart han nummer 13 i klasse 18-19 år på den fine tida
38.53. Forma er med andre ord god til Holmenkollstafetten 11.mai. Vi tek med at
strandaren Per Kåre Langlo gjorde unna mila på 39.01 i klasse 50-54 år.

Jorunn Kvalsund Jarnes og
Anja Skram Eikrem var flittige deltakarar i vinterkarusellen i Ålesund. Der var
distansen deira fem kilometer. I Oslo dobla kvinnene, som spring i klasse 45-49
år, til 10 kilometer. Det var 390 fullførande i klassa, der Anja
vart nummer 220, Jorunn nummer 221. Begge fekk tida 1.00.39 – som kan tyde på
eit parløp heile vegen. Flott levert av begge to!!

Det vil ikkje vere nokon
sensasjon om det skulle dukke opp eit foto av dei to Oslo-fararane. Enn så
lenge må ein nøye seg med eit foto teke på sunnmørsk grunn.