Vil du gi premie til Konradløpet…..?

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Apr 2019

Alle premiane til
MiniKonrad er kjøpte og på plass. Eksta flotte premiar til borna denne gongen. Alle
vert premierte med lik premie. I tillegg vert det ein liten ting ekstra til
alle som heiter Konrad. Og til raskaste gut og raskaste jente av dei som spring
750 meter løypa på tid.

Den store mengda av
gåvepremiar vert delte ut etter hovudløpet. Her blir kring 20 prosent av
utøvarane premierte med gåvepremiar, trekte på startnummer. Og det er slike
premiar vi no opnar for at kven som helst kan gi inn, anten til premiesjef
Odd-Kåre Fet eller Henning Tandstad, kasserar i VIL. Premiane, som bør ha ein
verdi på kr 150 +, kan leverast til Henning på Nærbutikken Velledalen.

I tillegg
   vert gjevaste premien, ein stol frå IMG, også
trekt på startnummer.

Elles vert det premiering
frå scena til dei tre beste herrane i løpet, og dei tre beste kvinnene. Vidare
er fem personar kvalifiserte til 15 års premie om dei stiller i 2019. Fire av
desse er påmelde. Mange skal vidare ha ti års premie, gullmedalje for seks løp
og sølvmedalje for tre løp.