Sjutoppsturen 2019 – Sandsøya på Sunnmøre

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Apr 2019

Den hardaste løypa er
kring 15 kilometer lang med totalt kring 1000 høgdemeter stigning. Av 213
deltakarar i dette alternativet, starta 56 i konkurranseklassa.

Friidrettsleiaren i VIL,
Alf Petter Bøe, hadde som mål å greie turen under to timar. Det greidde han med
tida 1.53.01. Det heldt til 2.plass i klasse 50-59 år, og 12.plass av alle menn
uansett klasse. Henning Tandstad vart nummer 8. i klasse 25-34 år og nummer 22
totalt, på tida 2.12.40.

Dei beste kvinnene:

1. Karoline Holsen Kyte,
Førde IL, 1.31.51 (knallsterkt – berre slegen av to menn)

2. Ingrid Festø, Volda,
1.46.58

3. Esther Beate Innselset, Hamar IL, 1.57.31

4. Maria Hofset Wik, Herd,
2.05.00

Beste mannfolka uansett klasse:

1. Jonas Hesthaug, Eidsdal
IL, 1.27.17

2. Eirik Voksøy Bringsvor,
Sandsøy IL, 1.30.02

3. Marcus Megrund, IL Valder,
1.32.58

4. Bjørn Ole Vassbotn,
Volda Turn&IL, 1.33.55

5. Terje Åmelfot, Ørsta
IL, 1.39.06

12. Alf Petter Bøe, Rindal
IL, 1.53.01

22. Henning Tandstad,
Velledalen IL, 2.12.40